– Nation-Continental Cup er ei turnering for rullestolbrukarar der fem spelarar frå Europa møter fem spelarar frå England. Den er basert på Mosconi-turneringa, som er for ståande, der Europa møter Amerika, forklarar Nygård.

– Det føltes svært godt, spesielt sidan eg eigentleg ikkje skulle vore her, seier han, og utdjupar:

– Måndag for ti veker sidan fekk eg ein telefon frå team Europe sin kaptein som sa at ein frå Polen hadde trekt seg. Han lurte difor på om eg ville vere med å representere Europa i denne turneringa. Så da hadde eg berre ei veke på å ordne alt.

Med eit gull i bagasjen ser no Nygård mot VM i Finland i byrjinga av november.

– Eg trenar om lag mellom tre og fem timar kvar dag, og ein reiser jo ikkje til ei VM utan ambisjonar, smiler bremangaren.