Raudtrøyene frå Skavøypoll måtte sjå seg slått heile 7-2 i Fjaler i den 19. serierunda i Kretsligaen. Til pause var stillinga 4-0.

Det var Tor-Erik Tvendseter Kupen og Yngve Hagen som scora Skavøypoll sine to trøstemål i andre omgang.

Før denne kampen hadde Vågsøy-laget eit forsprang på eitt poeng ned til Dale på tabellen, men med dagens resultat bytta dei to laga plass.

Med berre to lag under seg på tabellen spelar Skavøypoll med det med kniven på strupen i dei tre gjenverande kampane denne sesongen i kampen om fornya kontrakt i Kretsligaen.

Fleire tap

Også Selje måtte sjå langt etter poeng då dei spelte 5.divisjonskamp i Balestrand i dag.

Balestrand opna knallhardt og scora fem mål før Selje fekk opna sin målkonto, og sett inn tre kjappe like før kvilen. Laga gjekk til pause på stillinga 5-3.

Seljespelarane klarte derimot ikkje å ta med seg den gode opplevinga rett før pause inn i andre omgang, og kampen enda med eit  6-3 tap.