– Det er synd, men vi passar betre i 5. divisjon slik vi står fram akkurat no, dessverre. Når det er sagt håpar eg verkeleg at laget viser seg fra ei anna side i dei tre siste kampane og beviser at vi høyrer heime i den øvste divisjonen i fylket, seier Sujeevan Mohanarajah, sportsleg leiar i Skavøypoll.

Han understrekar at det per i dag ser tøft ut å halde seg i divisjonen, men at laget er innstilt på å kjempe dei siste kampane.

Laurdag gjekk raudtrøyene frå Polljen på eit femmålstap mot Dale, eit lag som før kampen låg bak dei på tabellen, og som polljarane hadde sett for seg å ta poeng mot.

– Dette var ein veldig viktig kamp for oss, så då er det kjedeleg at vi ikkje får ting til å stemme. Men på laurdag var Dale rett og slett betre enn oss.

– Vi var ikkje på frå start og fekk tidleg mål i mot. Då blei det vanskeleg. Dei fekk sleppe lett til, og sette sjansane sine. Det gjorde ikkje vi på andre sida av bana, seier Mohanarajah og legg til at Vågsøy-laget ikkje fortente poeng etter helgas prestasjon.

– Dale vann fortent, for fotball handlar om å score mål for å vinne. Innsatsen vår var for dårleg denne gongen, vi blei overkøyrd.

** For øyeblikket ligger to lag an til å rykke ned fra Kretsligaen. Skavøypoll har tre poeng forsprang på Førde2, som er nest sist, når tre kamper gjenstår.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Dale – Skavøypoll 7–2 (4–0)

Mål: 1–0 (5) Kim Tangedal, 2–0 (14) Vegard Dyrstad, 3–0 (28) V. Dyrstad, 4–0 (45) V. Dyrstad, 5–0 (49) Kristian Ask, 5–1 (59) Tor-Erik Tvendeseter Kupen, 5–2 (87) Yngve Hagen, 6–2 (88) Andreas Heggedal, 7–2 (90) Jan-Anders Whichstrøm

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger

Gult kort: Karl Oskar Volle, Espen Sandal, Skavøypoll, samt to til Dale

Skavøypoll: A. Høydal, L. Nygård, B. Yndestad, E.-R. Flataker, E. Sandal, M. Henriksen, K. A. Gangeskar, E. Sandal, K. O. Volle, T.-E. Kupen, S. Silden

Innbytarar: Y. Hagen, W. Rakkenes, R. Solvang, M. T. Kupen, S. Mohanarajah