– Vi har berre oss sjølv å takke for eit dårleg resultat denne gongen. Balestrand var eit overkommeleg lag sånn sett, det viste vi med å score to kjappe mål. Men vi var ikkje på frå start, og det må ein vere når ein spelar fotball. Det verka som vi trudde vi hadde betre tid med ballen enn vi hadde, og vi fekk ikkje til samspelet. Det var jamt over ei god blanding av dårleg spel og personlege feil, seier Selje-spelar, Kenneth Pedersen etter tremålstapet i Balestrand.

Etter dryge halvtimen spel, låg Selje heile fem mål under.

– Men så sette vi to mål på to minutt rett før pause, og vi begynte å sjå lyset i tunnelen. Dessverre klarte vi ikkje å ta med oss den gode følelsen ut i andre omgang, og det blei 45 lite innhaldsrike speleminutt.

– Det var ikkje noko kjempegodt lag vi møtte, så hadde vi skjerpa oss litt hadde vi kunne tatt dei. Men slik kampen utvikla seg var det rettferdig at Balestrand fekk alle poenga.

Selje ligg på nedste del av tabellen når det står att tre serierundar, men Pedersen har likevel tru på at laget held seg i 5. divisjon også neste sesong.

– Plukkar vi poeng i neste kamp så har vi kontroll på situasjonen sjølv. Ting har ikkje vore heilt på topp i det siste, men dette skal vi snu, avsluttar han.

KAMPFAKTA

5. divisjon, menn

Balestrand–Selje 6–3 (5–3)

Mål: 1–0 (4) Maido Pakk, 2–0 (5) Ibro Mesic, 3–0 (10) Pakk, 4–0 (30) Natnael Belete Seifo, 5–0 (34) Rikard Bekkvik, 5–1 (41) Ingo da Silva, 5–2 (42) da Silva, 6–2 (81) Mesic, 6–3 (89) sjølvmål

Dommar: Per Olav Erikstad, Jølster

Gult kort: Mikal Osmundsvåg, Selje, samt eitt til Balestrand

Selje: T. Larsen, J. Gulbransen, J. Osmunsvåg, O. Austring, J.-K. Apelseth, M. Osmundsvåg, E. Giljanovic, J. Beitveit, I. da Silva, K. Pedersen, H. Hoddevik

Innbytarar: J. Husevåg, K. Rye.