– Eg trur vi treng poeng i minst ein av dei attverande kampane for å vere heilt trygge, seier Bremanger-spelar, Håvard Mjølkeråen, som sette inn det viktige utlikningsmålet mot Førde 2, søndag.

Han fortel at laget er godt nøgde med eitt poeng, sjølv om det ideelle hadde vore tre poeng og full pott.

– Vi hadde enda ein kjempesjanse på overtid, slik at ein siger var innan rekkevidde. Men det kunne fort ha vorte 4–1 til Førde 2 i første omgang også, så vi seier oss nøgde med uavgjort, legg han til.

Kjempar alltid til siste slutt

Bremanger fekk ein kalddusj i første omgang, og låg under med tre mål etter ein knapp halvtime på Hafstadparken.

– Vi kom seint i gong, og det var veldig mange personlege feil og mykje rot i byrjinga. Heldigvis fekk vi ei scoring rett før pause, slik at vi kunne ta med noko positivt i garderoben.

– Vi viser at arbeidsmoralen er god, og at vi ikkje gir opp sjølv om det går trått. Vi har teke fleire poeng i sluttminutta i det siste, sjølv om vi har låge under. Vi kjempar alltid til siste slutt. Det er viktig.

Mjølkeråen er også klar på at det var mange som kom frå benken og heva laget i helga.

– Vi hadde ein stor og god benk, som hadde mykje å seie for at vi klarte å hente oss inn.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Førde2 – Bremanger 3–3 (3–1)

Mål: 1–0 (3) Mathias L. Sagevik, 2–0 (11) L. Sagevik. 3–0 (27) Gaute Nyland, 3–1 (38) Espen Færestrand Frøyen, 3–2 (77) Ntege Cone, 3–3 (90+1) Håvard Mjølkeråen

Dommar: Elias Åsebø, Haugen

Gult kort: Espen Frøyen, Ntege Cone, Eirik Rylandsholm, Bremanger, samt eitt til Førde 2.

Bremanger: Ø. Langeland, W. Jr. Høivik, V. Senneset, M. Svarstad, E. Frøyen, T. Rylandsholm, T. Lyngstad, M. Senneset, S. Hamre, M. Hauge, N. Cone.

Innbytarar: E. Rylandsholm, H. Mjølkeråen, K. Lågeide, A. Frøyen, H. Rosø, M. Hammersland, R. Igland.