Søndag kveld var det eit ekstraordinært årsmøte i TMFK. Styret i fotballklubben bad om eit mandat til å forhandle med Skavøypoll om ein overbyggingsklubb for ungdoms- og seniorfotballen frå 2019.

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive om samtalane mellom dei to klubbane. I midten av oktober møttes representantar frå styra i TMFK og SIL på Måløy stadion for å diskutere ei mogleg framtid i ein felles klubb.

– Representantar frå Tornado Måløy og Skavøypoll Fotball hadde tysdag kveld eit konstruktivt møte og vil halde fram dialogen i vekene som kjem, vart det uttalt frå klubbane den gong.

– Dette var ikkje eit ja eller nei til samanslåing. Dette er eit ja til å sjå på moglegheitene. Så no håpar vi at SIL vil gå i diskusjon med oss.

Fotballgruppa i Skavøypoll Idrettslag skal ha sitt ekstraordinære årsmøte i kveld.