– Det er frustrerande at til betre eg blir og nærare eg kjem måla mine, til trongare blir det økonomisk. Eg gjennomførte min klart beste sesong i fjor, men opplever at dei økonomiske vilkåra for satsing er blitt dårlegare. Alpin er ein dyr idrett, eg brukar 250.000 kroner på satsinga i løpet av eit år, seier eidaren.

Han fortel at han no lever på løn frå sommarjobb, studielån og hjelp frå mamma og pappa.

Åge Solheim har slalåm og storslalåm som sine spesialdisiplinar. Arkivfoto

– Det seier seg sjølv at eg ikkje kan halde på slik lenge. Eg må gjere ein innsats på sponsorsida, for eg klarer ikkje dette året utan stønad. Eg har sagt til meg sjølv at eg må på landslaget komande år, elles har eg ikkje økonomi til å satse lenger.

Har drive grunntrening heime

Vi trefte stårheimaren på treningssenteret Aktiv Trening på Eid i sommar der han dreiv grunntrening sidan han kom heim frå økonomistudiar på Lillehammer i byrjinga av juni.

Han har hatt sommarjobb på Vest Auto som bilklargjerar. Dagleg leiar på Vest Auto er Geir Ove Åsebø, som sjølv er aktiv i alpinmiljøet i Haugen og på Harpefossen.

I oppkøyringa til sesongstarten i november har det gått slag i slag med samlingar på brear i Norge og i Austerrike.

Fem FIS-sigrar

Med fem sigrar og til saman ni pallplasseringar i internasjonale FIS-renn sist sesong, var Solheim den første som ikkje kom med på europacuplandslaget til komande sesong. Det er tolv utøvarar med på elitelandslaget, og elleve på europacuplandslaget. Det er i dette biletet Solheim jaktar på ein landslagsplass for å vere sikra vilkår slik at han kan målsettingane sine. Det ubeskjedne målet er å vinne verdscupen samanlagt.

– Trenaren ringde meg og beklaga at eg ikkje kom med. Han sa dei har tru på meg og at eg vil bli satsa på. Eg har fått lovnad om å køyre europacup allereie frå starten av sesongen.

– Du er ikkje redd presset du legg på deg sjølv om at du må på landslag eller kutte toppsatsinga, skal øydeleggje for målet?

– Nei, eg legg så stort press på meg sjølv frå før, at det betyr ingen ting, seier Solheim.

Viljestyrke og treningstalent er kanskje hans fremste eigenskapar som idrettsutøvar.

Solheim er i dag den som presterer på høgast internasjonalt nivå av utøvarar som representerer lokale klubbar. På Vestlandet er det berre Bjørnar Neteland frå Bergen og Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund som er på eit høgare nivå av mannlege alpinistar, begge er på elitelaget.

Flytta til Oslo

Solheim reiste til Lillehammer som 16-åring og gjekk på Norges Toppidrettsgymnas. No er han halvvegs i ein bachelorgrad i økonomi på høgskulen på Lillehammer. Dei siste sesongane har han trena med laget Lillehammer University College, eit lag som har vore under landslagsparaplyen og der medlemmene har fått økonomisk stønad.

Åge Solheim har lang fartstid frå bakkane på Harpefossen skisenter. Her saman med Mats Engeland og Lasse Englund Espe i 2011.

– Men det var ikkje råd å halde det laget gåande, det er lagt ned, og no har eg gått over til laget Skistar – sponsa av selskapet som driv skisenter. Dette er eit lag med utgangspunkt i idrettslaget Heming i Oslo, slik at eg flyttar no til Oslo. Det ligg ingen økonomisk stønad til utøvarane i laget, økonomien i satsinga for min del er blitt endå dårlegare, sa Solheim før han flytta austover.

21-åringen lovar likevel å halde fram med å representerer moderklubben Haugen Alpin.

Første renn for sesongen for Solheim blir på Geilo 23. november – FIS-renn i storslalåm og slalåm. Truleg får han også køyre SL Europacup i Fjätervålen 5. og 6. desember før han køyrer EC Storslalåm i Trysil 8. og 9. desember.