– Vi var i Sverige i tre dagar. Den første konkurransen som senior gjekk over all forventning. To av dagane skaut eg meg til finale, og samanlagt vart eg femte beste kvinne. Eg hadde ikkje forventa det i seniordebuten. Det var veldig kjekt, og gir meg motivasjon vidare, fortel 20-åringen.

Og Regine har mykje å motivere seg til framover. Ho er blant dei seks skyttarane som Norges Skytterforbund har tatt ut til rifle senior under EM Luftvåpen i Ungarn i februar.

– Dei tre beste kvinnene i rifle senior har alle skutt over vurderingskrav og reknast som våre tre beste gjennom sine prestasjonar i uttaksstemne, skriv forbundet om uttaket.

– Det spennande med skytinga er jo om ein klarar å meistre dei situasjonane der det blir høg puls og spenning, seier 20-åringen.

I slutten av januar reiser Regine til München for å delta på IWK, som er eit internasjonalt stemne med svært stor deltaking. Nivået på deltakarane er ifølge forbundet svært høgt.

– Det er det stemnet i Europa med høgst nivå. Så er det EM, og så får eg sjå litt kva eg vil gjere, seier Regine.

Må ta større ansvar sjølv

Regine starta med skyting i 7–8 årsalderen og fortel at heile familien er engasjert i sporten.

– Då eg budde heime hadde eg jo ein treningsarena 20 meter frå huset – i pappa sin gamle verkstad som var gjort om til ei skikkeleg skytebane.

Under kommunestyret i Eid i juni 2016 vart Regine heidra. Her med dei lokale skyttarane Kjell Magne Åshammar (t.v.) og Leiv Reksten.

Det som tidlegare var leik og moro har no blitt ein seriøs del av kvardagen til skyttaren. Ho tok vidaregåande ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer, og flytta for eit og eit halvt år sidan til Sogndal for å studere eigedomsmekling.

– Samanlikna med tida på Lillehammer må eg planlegge og strukturere kvardagen i større grad sjølv. Det har blitt mindre trening, fortel ho

Men to til tre gonger i veka reiser Regine til Leikanger.

– Der har dei skive for 10, 15 og 50 meter, så der får eg trent deg eg vil trene på. I tillegg trenar eg mentalt og fysisk, seier eidaren, og legg til:

– Det er skyting eg har drive med sidan eg var lita, og eg vil klare å kombinere det med studiane.

– Sporten blir meir likestilt

Regine har fått nær kjennskap til sporten sin, og fortel at det er flest menn som driv aktivt.

– Men damene gjer det minst like godt. Om ein ser på rekrutteringsklassene i DFS er det ofte jentene som står på pallen. Det er kjekt å sjå.

Skyttaren fortel at i dei internasjonale øvingane har menn skote mange fleire skot enn kvinnene som deltek.

– Frå 2018 er det innført at kvinner skal skyte like mange skot som menn. Eg synest det er fint at det blir likt for begge klassene, og at sporten blir meir likestilt, slår ho fast.

Regine fortel at det er flest menn som driv aktivt med skyting, men at damene gjer det minst like godt.

På rekrutteringssida meiner Regine det går bra for sporten.

– Om ein ser på dei nasjonale øvingane blir det berre fleire og fleire som blir betre og betre, seier Regine, som legg til at det er eit svært godt miljø blant dei skyttarinteresserte.

– Det internasjonale miljøet står sterkast på Austlandet, men vi blir veldig godt kjent vi som reiser rundt i lag og vi har det veldig kjekt på stemner, smiler 20-åringen.

Likar fleire utfordringar

Skyttaren fortel at det er kjensla av meistring og utvikling som appellerer til henne.

– Det spennande med skytinga er jo om ein klarer å meistre dei situasjonane der det blir høg puls og spenning, seier ho.

Det har 20-åringen allereie vist ved fleire høve at ho kan. Sjølv hugsar ho best dei prestasjonane som har sørga for gullmedalje.

Regine hugsar best to lagsigrar som har gitt gull. Det eine kom på EM halvmatch i 2016 og det andre under VM for lag i 2017.

– Om eg skal trekke fram eit minne, så må det vel vere det aller første EM-gullet. Det var eit laggull på halvmatch i 2016. Det var jo også den første store internasjonale sigeren, så det var veldig stort for meg. I tillegg tok vi VM-gull for lag i fjor sommar. Då sette vi også verdsrekord med omsyn til poengfangsten, så det var veldig kjekt, smiler Regine.

Begge dei to gullmedaljane eidaren nemner har kome i lagkonkurransar. 20-åringen fortel at ho likar alle øvingane sporten kan by på, men har likevel ein favoritt.

– Eg likar dei ulike øvingane på kvar sin måte, men det er vel halv match eg har gjort det best i. Då er det 20 skot i ligg, 20 i kneståande og 20 skot ståande på 50 meters hald, forklarar Regine.

Eidaren fortel at det største målet er å gjere sitt beste.

– Eg vil bli så god som mogleg og ha det artig med idretten min. Det er det viktigaste for meg, stadfestar ho.