Det såg lenge ut til at heimelaget skulle slå mannskapet til gamletrenar Bjørn Totland, som i dag trenar Førde. Etter 24 minutt var stillinga 2-0 til gultrøyene etter scoringar av Vebjørn Høynes og Henning Haugen.

Minuttet etter at Haugen hadde dobla leiinga kom reduseringa frå Førde-spelar Vegard Savland. Men eidarane ga seg ikkje og etter 31 spelte minutt auka Simen Lefdal leiinga til 3-1.

Gleda vart kortvarig. Fire minutt etter Lefdal si scoring sette Kapinga Brazy inn nok ei redusering for førdianarane. Stillinga til pause var 3-2.

I andre omgang var det sunnfjordingane som fekk den beste starten. Etter 14 minutt utlikna Ruben Holsæter. Same mann sørga for at Førde gjekk opp i leiinga med eit straffespark i det 72. minutt.

Fem minutt seinare var det eidarane som vart tildelt ei straffe av dommar Dan Kåre Esp. Vebjørn Høynes sørga for at gultrøyene utlikna til 4-4. Dette var stillinga etter 90 spelte minutt, men til slutt var det gjestane som trakk det lengste strået. Kapinga Brazy sette inn det avgjerande målet i det 91. speleminuttet, og med det er førdianarane vidare i NM.

Under kampen på Eid idrettspark vart det delt ut like mange gule kort som det vart scora mål. Eidarane Marius Endestad Henriksen, Adrian Hagen Henden, Vebjørn Høynes og Kristian Lefdal fekk alle det gule av dommar Esp. Det gjorde også Kristoffer Haaland Iversen, Oskar Roti, Eirik Flatjord, Ruben Holsæter og Vegard Savland på Førde-laget.

Tidlegare i dag, søndag, gjekk Fjøra sigrande ut av oppgjeret mot Årdal i 1. kvalifiseringsrunde. Heimelaget vann 8-1. Vik tapte 5-1 borte mot Nordhordaland. Den siste kampen i denne runden med lag frå fylket er Volda-Stryn. Den blir spelt i Volda førstkomande onsdag.