Det skjer stadig noko rundt syklisten Dag Otto Lauritzen. Likevel hadde han tid til å komme både til Florø og Svelgen sist veke for å fortelje om livet sitt og om likskapsteiknet mellom helse og trening.

I foredraget fortel Lauritzen blant anna om korleis han har nådd sine mål og korleis han reiste seg etter store nedturar. Han meiner oppskrifta er like enkel som den er vanskeleg.

– Fokus og vilje er nøkkelen når motbakkane kjem. Men også eit godt lag av kollegaer og støttespelarar rundt seg. I mitt lag spelar alle, kvar enkelt, uansett oppgåve, ei heilt avgjerande rolle, seier Lauritzen om eigne føredag.

Lauritzen kan også dra parallellar mellom suksessfaktorar i trening og privatliv.

– Uansett kva forhold du har til sykling, kan eg fortelje noko om betydninga av teamwork, å sette seg mål, konsentrere seg, og finne viljestyrke og motivasjon til å gjennomføre å nå måla, seier syklisten.

200 møtte fram

Dag Otto Lauritzen er i gang med ein ny sesong med «Huskestue». Programleiar Kristian Ødegård gjer sitt ytste i å sette fast Lauritzen i den mest elementære allmennkunnskap. Korleis det heng saman med hugsen syklisten la for dagen i den ein og ein halv time lange einetalen, er eit mysterium.

Aldri har vel 200 menneske vore så stille så lenge i storsalen på samfunnshuset i Svelgen. Dei kom frå indre og ytre delar av kommunen og konferansier Linda Stenseth hadde attpåtil identifisert fleire frå Vågsøy og Eid blant tilhøyrarane.

Midlar til motbakkeløp

Det var Sparebanken Sogn og Fjordane som hadde invitert profilen og nokre heldige fekk før på dagen vere med på spinning på idrettshuset.

Banken hadde også med seg gåve til Svelgen Turn- og idrettsforeining. Dei fekk 25.000 kroner som skal brukast til å arrangere motbakkeløp til Moldahytta som er 80 år i år.

Dagen før hadde Dag Otto Lauritzen også vore i Florø, og fortalde at hadde fornærma Florø-publikummet med å kalle byen for bygd.

– Men Svelgen er vel ei bygd i alle fall? spurte han dei frammøtte.

Men han fekk ikkje noko stadfesting på det.