– Dei som kjem langt driv med eigentrening. Uansett idrett. Det er ikkje nok med fellestreningar i veka. Men kva skal ein gjere på dei eigentreningane? Korleis skal ein trene? Korleis planlegg ein veka? Det viktigaste er å ha det kjekt. Men det er og kjekt å gjere noko med kvalitet. Å definere kvalitet eller kva som er bra eller dårleg er vanskeleg. Det vil finnast tusen ulike meiningar. Det alle er einige om er at dei som trener best, blir best, seier Marius Hagen i ei pressemelding.

25-åringen frå Eid, som har vore innom ein rekke klubbar på nivå to i Norge og Sverige, skal denne sesongen spele for Hødd i 2. divisjon. I påska arrangerte han den fyrste utgåva av Elitedagen heime på Nordfjordeid. Der fekk 25 fotballspelarar i alderen 11–19 år innspel til korleis ein kan utvikle seg på og utanfor fotballbana.

– Først og fremst må ein skape kjensla av at spelarane opplever tryggleik og glede. For det andre må ein skape kjensla av meistring. Tryggleik og meistring vil gje auka sjølvtillit. Resultatet blir auka motivasjon, seier Marius Hagen.

Elitedagen vart tidleg fullbooka og Hagen er i gong med planlegginga av ein ny utgåve av Elitedagen til sommaren – då på Stadlandet. Til Stadlandet kjem og Sandviken-trenar Alexander Straus, som var Hagen sin trenar i Nest-Sotra.

Deltakarar frå Eid, Stadlandet, Selje, Måløy og Volda samla til foredrag på klubbhuset på Eid stadion.

På Nordfjordeid hadde eidaren med seg Magne Jonny Krumsvik i støtteapperatet samt spelarar og trenarar frå Hødd, lokale trenarar som Bjørn Totland, samt Camilla Ervik og Alexander Hovdevik som begge har erfaringar som spelarar i toppfotballen.

– Eg set utruleg stor pris på instruktørgjengen som tok seg tid til å vere med på denne dagen – midt i påskeferien! Alle gjorde ein fantastisk innsats, og det var kjekt å få til dette saman, seier Hagen.

Deltakarane sette òg tydeleg pris på initiativet.

– Ein veldig lærerik og spennande dag! Og ekstra stas at tanta mi, Camilla Ervik, som starta fotballkarrieren si i Eid slik som Marius, var med på å gjere denne dagen og fotballen enda meir motiverande både for jenter og gutar! seier Julian Ervik Hansen (13).

Mor hans var òg imponert over opplegget:

– Ein elitedag som verkeleg hadde breidde. Ein svært oppmerksam, inkluderande og motiverande Marius Hagen som med eit fabelaktig team med seg og eit skreddarsydd opplegg, gjorde denne dagen til ein draumedag for motiverte og lærelystne fotballgutar og fotballjenter, seier Ann Katrin Ervik.

Signerte drakter: Elitedagen vart avslutta med ein fotballquiz med gjeve premiar som fotballtrøyer signert av Ole Gunnar Solskjær, Azar Karadas og Ørjan Håskjold Nyland.