Inge Asbjørn Haugen (62) jobbar som førstekonsulent i skatteetaten og likar maraton, musikk og kryssord. Denne helga rundar han 500 maratonløp under Hornindalsvatnet maraton laurdag. Han er også med å arrangerer maratonet, som han for øvrig fekk ideen til i 1992.

– Korleis vert det å runde 500 maraton?

– Det er eigentleg berre eit tal. Eg tek eit løp av gongen, og dette er eitt av mange. Til at det er eit så høgt tal, har eg i grunnen ikkje tenkt så mykje på det.

– Men blir det noko markering av maraton-jubileet ditt?

– Det vert litt fest rundt det, men det er det ikkje eg som har lagt opp til, så eg veit ikkje så mykje om akkurat kva som er planlagt. Eg synest sjølvsagt at det er stas å springe akkurat dette maratonet i Hornindal. I fjor sommar blei eg klar over at det kunne passe å springe maraton nummer 500 på heimebane, så i år har eg lagt opp resten av løpa eg har vore med i slik at det skulle klaffe. Etter eit maraton på Jessheim 10. juli står eg no med 499 slike løp, så heldigvis fekk eg kabalen til å gå opp.

– Det er mykje snakk om maraton, men kva er den største fysiske prestasjonen din?

– Det tøffaste løpet eg har vore på er eit Bislett 24-timarsløp. Då sprang eg rundt og rundt bana 24 timar i strekk. Til saman sprang eg 187,5 kilometer, og det vil vel nesten tilsvare strekninga Måløy-Stryn og tilbake att. Det var tøft og tungt på alle moglege måtar.

– Så kva er favoritt-løypa di å springe?

– Det er vanskeleg å seie, fordi alle løp er såpåss forskjellige, men eg likar veldig godt å vere med i lokale løp. Om eg ska dra fram ei løype må det likevel vere den eg sprang i New York i 1986. Det var det første utanlandske maratonen eg deltok i, og ei heilt fantastisk oppleving.

– Vil du anbefale andre å springe maraton, og kvifor bør ein delta i Hornindalsvatnet maraton?

– Ein kan vel seie eg har litt erfaring med maraton, og eg har funne ut at det slett ikkje er så farleg som mange verkar å tru. Det er berre å førebu seg godt, og nytte gode sko. Løypa i Hornindal vil eg anbefale fordi den er nokolunde flat, med lite trafikk. Difor er det også ei rask løype, og alt ligg til rette for ei god tid, det opptek mange.

– Men vert du aldri lei alle løpa?

– Eg vert lei trening somme gongar, det går i bølgjer. Men dette har blitt min ekstreme måte å halde meg i form på, og eg får mykje igjen for å fokusere på det. Dessutan er det kjekt å støtt treffe på andre som har same lidenskapen som eg.