LØPING: Laurdag runda eidaren Inge Asbjørn Haugen 500 maraton. Og bragda blei gjennomført i eit løp han sjølv har vore med å starte opp.

Sjølv om han i forkant av løpet ikkje verka å vere veldig prega av det runde talet, måtte den spreke 62-åringen innrømme at det var ekstra stort å springe over mål denne gongen.

– Det blei veldig spesielt. Eg har aldri vorte så mykje fotografert før i heile mitt liv, seier Haugen om målgongen i Hornindalsvatnet maraton på laurdag.

– Det var fint å ha så mange kjente rundt meg. Det blei haldt mange fine talar, og ein flott bankett. Eg kjenner meg beæra, seier Haugen.

– Ein flott ambassadør

Blant dei som stod i målområdet for å gratulere var president for Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, Tim Bennett.

– Inge Asbjørn er ein flott ambassadør for langløpsmiljøet, og ein strålande representant for oss som elskar maraton. – Det er veldig fint å sjå alle som møter opp for å heie han over mål, og eg synest det er spesielt at han fekk gjere dette på heimebane, seier Bennett.

Litt uggen undervegs

Haugen sjølv fortel at han kjende seg litt uggen i magen store delar av løpet.

– Eg var plaga med kvalme, og følte meg ikkje heilt på topp. Det er slikt som kan skje. Men likevel greidde eg å fullføre på under fire timar.– Eg er veldig nøgd med eigen innsats. Eg har ikkje vore under fire timar på ei stund, så dette gjekk over all forventning.

Sjølv om 62-åringen ikkje har planar om 500 maraton til, ser han ikkje for seg at han legg opp heilt enno.

– Eg tek eitt løp av gongen no, men så lenge eg får glede ut av å springe, og så lenge helsa held kjem eg nok til å halde fram med maraton.

Det var i Drammen i 1984 at Haugen sprang sitt første maraton. Sidan den gong har han i snitt delteke i 16 stykk per år.

Mest glad er han i det nære.

– Hornindalsvatnet maraton ligg hjartet mitt nært. Eg var med og starta det opp, og har delteke alle dei 24 åra, fortel Haugen.