FOTBALL (J14 Leirgulen/Davik - Breimsbygda 2-2): Då det sto 2-2 etter både fulltid og ekstratid, måtte det straffespark-konkurranse til for å kåre vinnaren av 16-delsfinalen i 7'er fotball på Ekebergsletta.

Den blei høgdramatisk etter at både Leirgulen/Davik og Breimsbygda hadde både bomma og redda. Så tok keeper Eirin Edvardsen ansvar. Ikkje som keeper, men som straffeskytter.

- Eg tenkte ikkje

Etter kampen er det som Eirin har nettopp kome ut av ein aldri så liten transe. Ho har nettopp scora på straffe, og Leirgulen/Davik er vidare.

- Eg veit ikkje. Eg tenkte ikkje i det heile tatt då eg tok straffa, seier Eirin. Kampen under eitt var ein tett batalje.

- Dei gjekk opp i ledelsen på slutten av fyrste omgong. Så reduserte vi til 1-1, så gjekk vi opp i ledelsen med 2-1, og så scora Breimsbygda igjen, fortel Sigbjørn Hjortland som er trenar saman med Espen Gulliksen.

Straffespark

At ein kamp endar med straffespark-konkurranse er ingen drømmesituasjon for jentene.

- Det blir ein heilt annan greie. Eg såg rødt, for eg likar ikkje straffe, seier keeper Eirin. Men jentene har trent på slike scenario.

- Vi gjer jo det, men det blir mykje press når det fyrst skjer. Det å kunne roe seg ned er avgjerande, seier Hjortland. I 8-delsfinalen er det Syril frå Sogn som står på motsatt banehalvdel. Dei vann knappe 2-1 mot Åndalsnes onsdag morgon.

- Vi har sletne spelarar med vonde ryggar og vonde bein, men slike seierar gir energi til neste slag, seier trenarane.