FOTBALL (J16 Åheim IL - Kolbotn Princess 2-5): Fjorårets finalelag i Norway Cup fekk det tøft mot jentene frå ein av landets mest kjente dameklubbar, Kolbotn.

Med det blei Norway Cup-eventyret over eit par turneringsdagar tidlegare enn i fjor då Åheim-jentene kunne innta medaljepodiet etter å ha tapt A-finalen i 7'er-fotball.

Antatt tøft

Jentene frå Åheim visste at det kom til å bli tøft mot det renommerte Kolbotn-laget.

- Kampen blei enda hardare enn vi trudde, seier Amalie Flister etter den tøffe bataljen. 2. plassen frå i fjor blei med det ikkje forsvart, men utgangspunktet har også vore litt annleis.

- Det har vore mykje tøffare motstand i år. Eit heilt anna nivå, faktisk, seier fleire av jentene på Åheim-laget på sidelinja etter kampen.

For mykje respekt

På sidelinja sto trenarane Pål Hellebust og Geir Nilsen og såg at Åheim-jentene sleit litt onsdag.

- Vi var nervøse. Viktige spelarar hos oss hadde for mykje nervar, og dei tok ikkje dei riktige taka for å få kampen vår vei. Det blei for passivt og det blei litt for mykje rot, seier Hellebust. Åheim hadde rett og slett litt for mykje respekt for Kolbotn-spelarane.

- Er lurer på det, altså. Vi blir med det bakpå og forsiktige, og vi gjer ikkje det nødvendige, supplerer Geir Nilsen. Men sjølv om Åheim-bussen gjekk heimatt med meir jubel i fjor, er det ein gjeng som vender heimatt etter Norway Cup 2015 med hovudet heva.

- Absolutt. No har vi serien å tenke på, og vi skal ta nye steg. Neste år vil vi også prøve oss på 11'er-fotball, kan trenaren avsløre.