FOTBALL (G14 Tornado Måløy - Breimsbygda 4-1): Tornado Måløy låg under 1-0 til pause, men så viste Måløy-laget klasse og slo Breimsbygda heile 4-1 i 16-delsfinalen onsdag kveld.

Med det er TMFK klare for 8-delsfinale mot Lørenskog IF 2 i formiddagstimane torsdag. Etter kampen mot samfylkingane frå Breimsbygda var TMFK-trenar Ingar Lillebø ein særdeles fornøgd mann.

- Dette var den finaste kampen eg har sett dei har spelt. Dei får til spelet sitt, og dei skal ha all ære for det, seier Lillebø.

Glede og adrenalin

Det er tøft program for TMFK-gutane, men å vinne fotballkampar på denne måten gir ekstra krefter. No spelar nemlig Tornado på rein glede og adrenalin.

- Alt det gamle er gløymt no. Det går greit med gutane, og det er veldig kjekt når det blir som dette, seier trenaren.

Mot sitt beste

Det luktar forlengst fugl av TMFK sin deltagelse i Norway Cup 2015.

- Eg må innrømme at eg hadde trua. Og det er heilt topp at det ser slik ut no. Dei spelar opp mot sitt absolutt beste. Og fortset det slik, tar dei neste hinder også, spår trenaren. No blir det å hente mest mulig energi i timane før neste dyst på Ekebergsletta i morgon.

- Det blir å tøye litt, slappe av og få seg eit godt måltid. Ei god natts søvn og ein god frokost i morgon no, så skal dette gå vegen, seier trenar Ingar Lillebø. Måla mot Breimsbygda vart scora av Jonas Våge (2), Andreas Hagen og Christoffer Nore.