FOTBALL (J16 Eid IL 1 - Surnadal 0-2): Surnadal gjekk av med seieren då Eid sitt fyrstelag i J16-klassen i 7'er-fotball spelte 8-delsfinale torsdag. Onsdag kveld var motstandaren endå meir kjend for Eid-jentene.

Då spelte nemleg Eid IL 1 mot Eid IL 2, ein kamp fyrstelaget som har 1999-spelarar gjekk ut av som vinnarar mot laget som er eit år yngre. Eid-jentene har nemleg delt laga sine i reine 1999- og 2000-årgangar.

Ekstraomgongar

Men dei er jamngode likevel. Eid 1 måtte nemleg ut i ekstraomgongar mot sine egne i 16-delsfinalen onsdag ettermiddag. Ein spesiell situasjon for jentene.

- Det er litt kjedelig å kome opp i ein slik situasjon. Men eit av laga måtte jo ut, så det måtte berre bli sånn, smiler andrelagets Kristine Strøm (15). Det sto 0-0 heilt fram til det lukta straffesparkkonkurranse lang vei. Men så scorte fyrstelaget, og resultatet var eit faktum.

- Vi var glade etter kampen vi, og vi unner fyrstelaget å kome seg vidare. Vi er jo eit år yngre, og hadde også ein del skadar. Det var nok lurast at fyrstelaget gjekk vidare, seier Kristine frå Eid 2 diplomatisk.

Målfattig

Det var imidlertid ikkje den store spruten då Eid sitt fyrstelag møtte Surnadal torsdag.

- Eg tykkjer eigentleg at vi var best i dag. Surnadal sine mål fra litt prega av flaks, seier fyrstelagskaptein Astrid Bjørke etter at Norway Cup 2015 er historie for Eid-jentene sin del. Trenar Øyvind Dypveit spelet fungerte berre delvis torsdag.

- Det var tøffe kampar i går, så jentene var nok litt tunge i dag. Dette lugga litt, seier Eid-trenaren etter tapet. Med det endte Eid-jentene sitt cupeventyr i 16-delsfinalen for Eid 2 og i 8-delsfinalen for Eid 1. Litt for tidlig, meiner dei to trenarane.

- Vi hadde håpa å kome lenger med eit av laga. Det er litt skuffande å ryke ut såpass tidlig, for vi hadde ambisjonar om iallefall kvartfinale, seier trenar for Eid sitt andrelag Stein Inge Strøm.

Solid Eid-deltagelse

I fjor var det kun to lag i 16-årsklassen i 7'ar-fotball frå Eid. I år reiste heile seks lag frå Eid nedover, fordelt både mellom gutar og jenter, 7-, 9- og 11'er-fotball og i fleire årsklassar.

- Vi har fått sett litt på Eid-gutane her nede, seier Eid-jentene. Om dei generelt sett har kasta augene sine på gutar under årets Norway Cup er det litt meir usemje rundt.

- Ja..., smånølar andrelagets Kristine Strøm og skular bort på fyrstelagskapteinen.

- Eg her ikkje her for å sjå på gutar. Eg har vore på Norway Cup for å spele fotball, seier Astrid Bjørke bestemt.