FOTBALL (G14 TMFK - Lørenskog IF 2 4-3): Oskar Gotteberg (12) har berre scora eit mål hittil i Norway Cup, men mot Lørenskog torsdag blei han den store helten då TMFK snudde kampen og vann 8-delsfinalen med knappe 4-3.

Med det er Tornado Måløy klare for kvartfinale allereide i kveld, torsdag. Så langt har ikkje TMFK gått i Norway Cup nokon gong, og det er ein framleis frisk gjeng som spelar fotball på Ekebergsletta, der det er ein eim av tigerbalsam over heile området no.

Nytt system

Men det var ein grunn til at Tornado Måløy låg under 3-1 til pause. Dei fekk ikkje til spelet sitt mot Lørenskog sitt andrelag, og pausen gjekk med til å legge om taktikken.

- Vi henta oss fantastisk godt inn igjen. Det var kjekt å sjå på, seier trenar Ingar Lillebø. TMFK var med det eit heilt anna lag etter pause.

- Vi bytta litt formasjon på laget, og spelarane gjorde ein kjempejobb nok ein gong, smiler trenaren.

Dagens helt

TMFK var også i meir fandenivolsk humør etter pause. Reduseringa til 3-2 kom ved ein frekkis då Jonas Våge scora med ein flott lobb frå midtbana. Så slo dagens mann Oskar Gotteberg til.

- Vi skjønte at det kunne gå vegen etter at Jonas scora frå midtbana. Då mangla det berre eit mål opp til uavgjort, seier Oskar. Og det målet og det neste sto han for sjølv.

- Det føltes fantastisk, seier matchvinnar Oskar om 8-delsfinalen han kjem til å huske lenge. No er han klar for kvartfinale etter ei turbokvile i nokre timar før ny dyst mot Hareid kl. 20.15 i kveld.