FOTBALL (Kristiansund BK2 - Eid 7-2): Endå eit tap på bortebane gjer at det byrjar å haste om Eid skal klare å halde seg i divisjonen.

– Vi har eit ungt lag med mange nye fjes, men folk gjer så godt dei kan, seier trenar Bjørn Totland etter det som vart den sjuande kampen på bortebane med tap mot Kristiansund.

– Vi har ikkje vore så bra som i fjor på bortebane, slår han fast.

Møtte motstand tidleg

Før ti minutt hadde gått måtte Vebjørn Høynes ut på grunn av skade. Like etter følgde Marius Henriksen.

– Det er to sentrale spelarar, og vi vart svekka av to byter så tidleg i kampen, seier Totland. Eid er nedst på tabellen etter å ha spelt 14 av 29 serierunder.

– Plasseringa er som den er. Vi ser ikkje på tabellen, men fokuserer på å trene godt og sjå om vi klarer å gjere det betre neste gong, seier trenaren.

Nøgd med innsatsen

– Vi er på eit nivå som gjer at vi må luke vekk ein del feil. Der er ein del smådetaljar og feil som vi må ta lærdom av, seier Totland.

Han er likevel nøgd med spelarane sin innsats gjennom kampen.

– Eg er ikkje misfornøgd. Spelarane gjorde så godt dei kunne. Dei gjorde mykje bra framover på bana, fortel han.

– Dei fekk score mål på småfeil vi gjorde, og det vart litt for mange mål imot, fortel han.

– Ingen som grev seg ned

Motivasjonen i laget etter ein dårleg sesong held seg likevel oppe.

– Det er ingen som grev seg ned, vi held oss positive. No må vi berre trene så mykje som vi kan, og jobbe med å bli betre. Noko meir kan vi ikkje gjere, seier trenaren, og legg til at dei har det klart yngste mannskapet i serien.

Totland har ikkje mista motet når det kjem til tabellsituasjonen endå.

– Eg ser moglegheit for å sleppe nedrykk om vi vinn neste kamp. Vi kan prestere veldig bra, men det har vore veldig variabelt så langt, fortel han. Mykje trening er den einaste oppskrifta for å hevde seg vidare i serien, ifølgje Totland. Og dei har ikkje mykje tid att.

– Det må skje noko fort, seier Eid-trenaren.