Sprang 16 mil på eit døgn

Inge Asbjørn Haugen. (Foto: Stig Høynes)

Sport

MARATON: I løpet av 24 timar på laurdag sprang Inge Asbjørn Haugen frå Eid nesten 163 kilometer.

Han deltok då på 24-timarsløpet innandørs på Bislett stadion i Oslo.

- Eit slikt løp handlar først om å vere mentalt førebudd. Og det gjekk faktisk ganske godt denne gongen også, smiler Haugen etter 162 758 meter. Han deltok for første gang på 24-timarsløpet i 2007, og noterte seg då for litt over 180 kilometer.

- Så med tanke på at eg bikka 60 år i april i år, så skal eg kanskje vere nøgd med å klare nesten fire maratonløp på eitt døgn, seier Haugen til firda.no.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende