Peter Orry Larsen, opprinneleg frå Skavøypoll, kom inn i toppseriekampen mellom Aalesund og Sarpsborg 08 på bortebane måndag kveld og markerte seg med scoring.

62 minutt ut i kampen netta Larsen frå kort hald, og tende nytt håp for Aalesund som då låg under med 3-0 på bortebane, og som slit i botnen av tabellen.

Men det blei eit nytt tap for Aalesund som slit i botnen av eliteserien.

Aalesund er tredje sist på tabellen med berre 14 po9eeng og har berre Brann og Sarpsborg bak seg med 12 og 10 poeng.