– No var du heldig, for det er faktisk første gongen denne bilen har vore i media. TV 2 har sagt dei skal kome i samband med avdukinga, seier Erlend Kragset (25). Vi møter han og kameraten Henrik André Nystøyl Hustad (17) i verkstaden på Hakallestranda i Vanylven der bygginga av bilane føregår. Sistemann i bilbyggjargjengen, Kai-Robin Nystøyl (18), er på sjøen.

Her er både ein Porsche og ein BMW også. Pluss politibilen Pelle. Det er bilane dei skaper inspirert av andre kjende bilar som har gjeve dei merksemd. Og sidan musikkorpset vart lagt ned, køyrde Reodor-bilen først i 17.-maitoget i bygda i fjor, med korpsmusikk ut av høgtalarar bak.

Kragset eig både bilane og verkstaden. Dei to andre er gode hjelparar. Aldersskilnad til tross er det godt kameratskap. Det er ikkje så mange andre ungdomar i bygda med om lag 300 innbyggjarar.

– Vi skjønte det skjedde interessante ting her i verkstaden, og kom syklande frå vi var ganske små, fortel Henrik.

Staden er mest kjend for opplevingsgarden Hakallegarden like i nabolaget. Det er her det skal vere marknadsdag i regi av Hakallestranda Utvikling palmelaurdag 24. mars. I fjor møtte 1.200 menneske opp på denne marknadsdagen som i år blir skipa til for 14. gong. Ein hovudattraksjon er når ordførar Lena Landsverk Sande avdukar den nye bilen, inspirert av Blodstrupmoen-bilen til Snake Oil.

Karane som byggjer bilar har sans for detaljer, og har utrusta den nye bilen med ein knapp på dashbordet merka «Dirty Triks».

Reodor-typar

Erlend Kragset tek knapt ordet «Il Tempo Gigante» i sin munn. Dette var namnet på racerbilen til multioppfinnaren Felgen i filmklassikaren Flåklypa Grand Prix, skapt av Ivo Caprino.

– Det har vore så mykje krangel om rettar i samband med den bilen, at her må vi passe oss godt. Vi kallar bilen Biltema Gigante, for halvparten av bilen er handla på Biltema, ler han.

Den første Flåklypa-bilen var ferdig for eitt år sidan.

– Vi måtte ha bilen til Blodstrupmoen sidan vi hadde den andre. Eg trur det må vere den einaste i sitt slag i heile verda, seier Kragset.

Karane innser at dei sjølv også er Reodor-typar.

– Ja, vi er vel det. Vi brukar det vi har og har tilgang til, og fiksar alt med strips og tape!

Dei avslører at bilane ikkje er så avanserte som dei kan sjå ut til.

– Vi tek alle snarvegane vi kan!

Bilane blir bygde på rammer frå gamle bilar, Reodor-bilen er til dømes bygd på ein gammal VW Caravelle. Dei lagar eit grindverk av stålrør som dei skjer med vinkelslipar og formar bilen med. Så legg dei på blikkenslagerplater som dei klipper til og bøyer for hand. Eller dei brukar ein slags kryssfiner. Så limer dei karosseriet i hop med plast eller glasfiberstøyp lagt på med pensel. Alt skjer i verkstaden.

Kragset omtalar Flåklypa-bilane som reine utstillingsbilar, han har ingen tankar om å prøve å få dei godkjent for norsk vegtrafikk.

Sjølv om han har sju bilar i garasjen og to ute på vegen, avviser han at det er ein veldig dyr hobby.

– Totalt kosta det kanskje 30.000 kroner å lage kopien av bilen til Reodor Felgen. Vi brukte om lag eitt år på den bilen. Den som skal avdukast no, har vi bygd på eit halvt år.