Etter å ha budd i kommunal leilegheit lenge, kjøpte han sitt eige hus i haust. No har søskena hans bestemt seg for å spørre om hjelp slik at dei kan klare å få tilpassa og gjort om huset slik at Daniel kan flytte inn.

Fant ut at dei må spørre om hjelp

– No skal Daniel flytte i eige hus, og det er mykje som skal lagast til og tilretteleggast. For å unngå at alle slit seg ut, fann vi ut at tida var komen for å spørre om hjelp, seier Tonje Larsen til Fjordenes Tidende.

Ho og broren har derfor oppretta spleisen «90 dager for Daniel».

Då broren blei skadd bygde foreldra nytt hus i Vedvik.

– Vi voks opp i eit tre-etasjes hus på Leite på Raudeberg, men då Daniel skada seg, måtte foreldra våre bygge nytt hus slik at han kunne komme seg inn i huset, seier Tonje.

Har gått gjennom mange operasjonar

Rett etter ulykka blei Daniel frakta til Haukeland universitetssjukehus med helikopter der han blei gjekk gjennom ein ti timar-lang operasjon.

– Han hadde knust ryggvirvlane C5 og C6, og det ikkje var nokon grunn til å tru at han skulle kunne bevege armar eller bein igjen, skriv søskena i Spleisen.

Dei fem åra som har gått har vore lange og utfordrande, med både oppturar og nedturar. Daniel har tatt ein rekke operasjonar i armane, og har fått mer bevegelse enn kva ein først trudde.

– Han er 100 prosent ufør, men har med sitt pågangsmot begynt å jobbe på ein tilrettelagt arbeidsplass, skriv søskena.

Må tilrettelegge huset

Huset Daniel har kjøpt er frå 1982, og det er mykje som må gjerast både ute og inne før kan flytte inn.

Søskena forklarer at terrenget blant anna må hevast for å få adkomst, bad må bli tilrettelagt og ein må utvide dører. Det er også ein del endringar som vil koste mykje, som å sette inn eit system for automatiske lys, vindauge og dører slik at Daniel kan vere så sjølvstendig som mogleg i huset.

Måndag er det 83 dagar igjen av spleisen.

– Vi blir veldig glad viss nokon har lyst eller moglegheit til å hjelpe, enten ved å gje til spleisen eller vere med på dugnad. Alt hjelper, seier ho, og legg til:

– Vi er allereie overvelda og takknemlege for det som er kome inn til no.