Har forsterka brannberedskapen i begge kantar

Gjer det dei kan for at "Tor" ikkje skal få alvorlege konsekvensar

Hans Rune Strandos, lensmann i Bremanger, ber folk bruke sunn fornuft. 

Nye artikler

- Vi førebur oss så godt vi kan. Vi har disponible patruljer i Bremanger i dag, og har eigen brannpatrulje, seier lensmann i Bremanger Hans Rune Strandos.


Ekstremværet «Tor» treffer trolig med full styrke klokken 14 i dag, fredag. Vinden vil først merkes sør for Stad, og deretter bevege seg nordover. I Sogn og Fjordane er det meldt om en sørvestlig sterk storm som kan utvikle seg til orkan langs kysten. Vindkastene kan komme opp i 40-50 m/s. Det er også meldt om bølger på oppimot 10-13 meter inn mot kysten.

Følg med på ekstremværet fra vårt webcamera her!

Utfordringa i Bremanger er dei store avstandane. Der er også ei bru, Rugsundbrua, som mest sannsyleg vi kome til å bli stengt i dag, så lensmannen fortel at dei planlegg for det verste.

- Folk blir jo hindra frå å kome seg fram og tilbake. Brannberedskapen er alltid oppe og går, Hauge og Kalvåg har vaktlag, Davik har vaktberedskap, men vi har i tillegg forsterka den i begge endar i dag, seier Strandos, som fortel at dei er i dialog med komunen sin krisestab jamleg.

- Vi har hatt jamlege møte sidan vi fekk meldingar om dette vêret, seier lensmannen, som fortel at Dagmar i 2011 gav mykje lærdom om svake punkt.

- Vil du gje folk nokre råd?


- Vi oppmodar vel folk om å halde seg inne utan at eg vil pålegge dei det. Å oppsøke uvêret utandørs treng ein kanskje ikkje. Her må ein bruke sunn fornuft og det har folk på våre kantar, seier han, og viser til at det ikkje er mange vekene sidan det flaug gjenstandar gjennom lufta i Svelgen.

- Det er ein fordel no at uvêret kjem når det er dagslys. Flygande gjenstandar som kjem i 50 meter per sekund i mørket kan vere livsfarlege, seier han.