– Butikken går veldig godt, så vi har behov for meir plass for å vise betre kva vi har. Men det måtte også vere rom til å utvide der vi var, seier Susanne Santiago Ruiz, som driv b.young-butikkane i Eid og Måløy.

Ho fortel at resultat og omsetnad på begge butikkar viser positiv auke, og at butikken i Eid ligg på topp på Amfi Nordfjord si liste over prosentvis omsetnadsvekst frå 2017 til 2018.

I desse dagar held butikken i Eid stengt for å utvide arealet.

– Det var meininga at ein skulle utvide butikken då senteret blei ombygd. Då butikken ved sidan av vart lagt ned, så opna det seg moglegheit til å utvide på ein god måte, seier Santiago Ruiz.

Butikk nummer to

Etter å ha drive klebutikk i Måløy i ei årrekkje, opna ho opp butikk nummer to i Eid i september 2015.

Ho forklarar at det sjølvsagt er meir arbeid med to butikkar, og naturleg nok litt pendling.

Det er mykje som skal gjerast i butikken før den blir klar, men Susanne Santiago Ruiz fortel at dei er i rute til opning onsdag.

– Men eg har utruleg dyktige tilsette i Eid og Måløy, så det er ikkje problem å ha to butikkar med den avstanden, seier Santiago Ruiz.

På butikken i Eid har ho ikkje butikksjef, men to tilsette og ei ekstrahjelp.

– Vi har skote gullfuglen der inne. Dei jobbar godt i lag som eit team, og når ein har dyktige tilsette så er mykje gjort. Sidan eg jobbar mest i butikken Måløy, og butikken i Eid går så godt, så skuldast det dyktige tilsette, smiler Santiago Ruiz.

I Måløy er det også to tilsette, og i tillegg to ekstrahjelper.

– Det går bra med butikken i Måløy også, men der har vi ikkje planar om utviding. Den er stor nok som den er.

Onsdag opnar butikken dørene igjen, etter å ha vore stengd ei veke.

– Vi har handverkarar i gang, og det er mykje som skal gjerast før opning. Ein legg jo ei plan, og så kjem det nokre småskjer i sjøen, det skjer kvar gong vi utvidar eller flyttar. Førebels ligg vi greitt an til opning på onsdag, avsluttar Susanne Santiago Ruiz.