Namn: Ole Nordnes

Alder: 28

Sivilstand: i eit forhold

Yrke: kokk

Bustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er veldig glad i å reise, oppleve nye plassar og møte nye folk. Eg er for tida i Australia og reiser til New York før sommaren.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er veldig sosial, så eg brukar mykje tid med vener og familie. Ellers prøvar eg å vere så aktiv som mulig i hjelpekorpset når eg er heime i bygda. Eg er og veldig glad i musikkfestivalar og konsertar, så prøvar og få med meg mest muleg.

– Kven beundrar du?

– Morfar, han var ein som likte å reise, og opplevde mykje gjennom åra som maskinist på båtar. Han oppmuntra meg alltid til å ta sjansen og oppleve mest muleg. Er nok derfor eg har jobba mykje på sjøen, og endte opp i USA, der eg har jobba i to år for Disney.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Bortsett frå at det er verdas navle? Eid er ein liten plass, men det er ikkje ein einaste ting den bygda ikkje får til. Eit imponerande kulturtilbod, matfestival, gode hotell og uteplassar, ei fantastisk strandsone, Norges beste festival, Malakoff. Eid er ein plass der ein føler seg inkludert, og det er ei viktig kjensle.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Volbeat til Malakoff!!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville sett ned fartsgrensa mellom Skipenes og Nordsbrua. At det er 80-sone på ein så dårleg veg, med så mange ungar som spring rundt, er riv ruskande gale.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg vil seie at det å jobbe i Disney var ein fantastisk opplevelse. Eg jobba i den norske paviljongen i Epcot-parken i Orlando. Der delte vi den norske kulturen med gjestar fra heile verden, og eg fikk og lære om alle andre sin kultur. Eg vil oppfordre alle til og ta seg eit år der!

– Kva har du på nattbordet?

– Ei flaske med mangoiste og ein E-cig.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Dagbladet og NRK Sogn og Fjordane.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å gjere det som gjer deg glad. Gjer gode ting og gode ting vil kome din veg.