Arrangørane fortel om en strålande dag under årets Vetenløp som gjekk av stabelen laurdag 7. juli.

- Mange blide og fornøgde deltakarar som smilte i kapp med sola, skriv dei på sine eigne Facebook-sider.

Totalt var det, ifølge Vetenløpet sine lister, 343 deltakarar med i det tradisjonsrike fjelløpet. 81 av desse var meldt på til å springe på tid i konkurranseklassa.

Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg fleridrett enda med å vinne konkurranseklassa for menn med tida 27.47. Vegard Holsen kom inn som nummer to på tida 29.35 og Ole Martin Erdal blei tredjemann med ei tid som enda på 29.42.

I dameklassa stakk løyperekordhaldar Eli Anne Dvergsdal av sigeren på tida 34.01. Ei tid som låg noko bak hennar eigen løyperekord frå 2015 (31.20).

- EM-løpet for seks dagar der ho blei den fjerde beste i Europa i fjelløp sat framleis igjen i kroppen, melder Vetenløp-arrangørane.

Andreplassen i kvinneklassa tok Merete Helgheim frå Gloppen IL på 36.22. Helgheim har frå før fire sigrar i Vetenløpet.

Tredjeplassen gjekk til Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy på tida 38.21.

Les meir om Vetenløpet i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag.