–  Dette er eit kraftig sykkel-trakk framover for å gjere det enklare og tryggare å sykle til skulen for elevar og lærarar, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Fylkeskommunen har i Regional Transportplan for Sogn og Fjordane sett av midlar til enkle fysiske tiltak for gåande og syklande i dei ti største sentrumsområda i fylket. Det er frå desse midlane Eid kommune no har fått tilskot til å bygge ut sykkelparkering på sentrumsskulane.

–  Eid har nyleg vedteke ein sykkelstrategi med mål om å auke bruken av sykkel i lokalsamfunnet. Vi har her blinka ut barn og unge som eit særleg satsingsområde, med trygg og god sykkelparkering på skulane som eitt av tiltaka vi har ønskt å få til. Denne drahjelpa frå fylkeskommunen er difor midt i blinken, og vi vil no svinge oss raskt rundt for å få opp slike anlegg, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Det går til saman over 600 born på Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule, og svært mange av dei bur i sykkelavstand til skulen.

–  Auka bruk av sykkel er ikkje berre bra for klima og miljø - det er også gratis, gjev god helse, er sosialt og gjer det tryggare for andre trafikantar enn om alle skal bli køyrt i bil til skulen. Sykkelen er difor eit Columbi egg for å skape gode lokalsamfunn. Ikkje minst på ein tettstad som Nordfjordeid, der folk bur tett og avstandane for mange er små både til skule, arbeid, handels- og fritidstilbod, seier ordførar Alfred Bjørlo.