Drikkevatnet i Svelgen er forureina og alt vatn som skal brukast til drikke og matlaging må kokast, skriv kommunen på si heimeside.

Bakteriane som er funne er coliformbakteriar, som ikkje er farlege. Etter Mattilsynet sine reglar er det ikkje påbod om å koke vatnet, men sidan det er funne bakteriane på dei tre siste prøvene som er tekne, vel kommunen like vel å innføre kokepåbod, heiter det vidare.

Ifølgje Firdaposten er det framleis kokepåbod måndag, ettersom ein endå ikkje har funne årsaka til ureininga.