I morgon tidleg kan du sjå vakre Stadlandet på TV

Når TV2 God Morgen Norge i morgon, tysdag, tar turen til Stadlandet, er det en draum som går i oppfylling for reporter Bjarte Ragnhildstveit.

Når TV2 God Morgen Norge i morgon, tysdag, tar turen til Stadlandet, er det en draum som går i oppfylling for reporter Bjarte Ragnhildstveit. Foto: TV2 

Nye artikler

- Vi i God morgen Norge vil gjerne besøke heile vårt vakre land. No har turen kome til ei lita perle eg har drøymt om å besøke i ti år, nemleg Stadlandet, seier reporter i TV2, Bjarte Ragnhildstveit.

Han startar morgonen med å besøke Randi Humborstad og Stad skipstunnel, før han reiser vidare til Mads Jonsson ved Stad Kystmat. Deretter går turen heilt ut til Vestkapp der han stikker innom Kristina Myrseth i selskapet Storm på stad som mellom anna driv Vestkapphuset.

- Vi lurer jo veldig på kor vêrhardt det er her ute. Vi høyrer jo stadig om nord og sør for Stad! smiler Ragnhildstveit.

Men turen er ikkje over for TV2-reporteren på tysdag.

- Onsdag skal eg prøve meg på surfing i Hoddevik og møte Espen Schive med familie i tillegg til lokale surfarar!