Vil kjempe for plass i fylkestinget

– Eg ser fram til å kjempe om ein fast plass i fylkestinget. Vi her nord i fylket treng ein uredd talsmann for distrikta utanfor dei store bysentra.

Hogne Bleie står på tiandeplass i Vestland Frp. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nye artikler

Det seier Hogne Bleie, som vart nyleg nominert til tiandeplass på lista til Vestland Frp, i ei pressemelding frå Stad Framstegsparti.

– Eg ser fram til å drive valkamp saman med heile partiorgansiasjonen, og ikkje minst med vår toppkandidat Terje Søviknes, seier han vidare.

Terje Søviknes vart valt til Framtstegspartiet sin fylkesordførarkandidat under nominasjonsmøtet, og frå Nordfjord står Bleie på tiande plass.

– Vi er svært glade for at Bleie kom på ein listeplass som kan gi fast plass i fylkestinget i det nye samanslåte fylket. Hogne kjenner alle delar av det nye fylket vårt svært godt. Han er vidare godt kjend i heile partiorganisasjonen, også nasjonalt, seier Per Tore Borgund, som er leiar i Stad Frp.

Hogne Bleie er også fylkesstyremedlem i Vestland Frp, i tillegg til dei folkevalde verva han har i Vågsøy kommune. På femteplass på lista står Frank Willy Djuvik frå Florø.