Nordfjordrådet kjempar for Statens vegvesen på Nordfjordeid

Nordfjordrådet. Foto: Arkiv 

Nye artikler

Nordfjordrådet meiner det er uakseptabelt å gjere om trafikkstasjonen på Nordfjordeid til såkalla "oppmøtestad". Dei krev heller ei styrking av fagmiljøet.

I ein konsulentrapport som er bestilt av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet frå eit fransk konsulentselskap, blir det foreslått å legge ned 26 av 72 trafikkstasjonar i Noreg. Herunder trafikkstasjonen på Nordfjordeid, som blir føreslått omgjort til ein såkalla "oppmøtestad" som berre skal ha tilreisande bemanning.

I ein uttale krev Nordfjordrådet at regjeringa tar eit samla grep og sikrar framtida til trafikkstasjonane, og styrkar fagmiljøet i Nordfjord.

Rådet argumenterer med at balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i ulike bu- og arbeidsmarknadsregionar, vil sikre ei fortsatt god regional fordeling av statlege kompetansearbeidsplassar.

Nordfjordrådet argumenterer med at det vil vere bra å nytte Statens Vegvesen desentraliserte struktur og utstrekte bruk av ny teknologi til å lokalisere forvaltingsoppgåvene ute i distrikts-Noreg, framfor å sentralisere dei til dei største byane. I tillegg til å kunne tilby næringslivsretta og publikumsretta tenester på trafikkstasjonane nær brukarane.

Dei meiner dette vil sikre at ikkje overføringa av vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane fører til ein samla sett meir sentralisert struktur på fagmiljøa enn i dag. Statens Vegvesen har i dag eit samla fagmiljø på 31 personar knytt til Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Staben er delt inn i ulike tenesteområde, med ulike leiarar som er plassert andre stader i Region Vest eller i Vegdirektoratet. Om lag halvparten arbeider med trafikant- og køyretøytenester, medan den andre halvparten arbeider med forvaltingsoppgåver.

Nordfjordrådet reagerer sterkt på at Nordfjord no tilsynelatande enno ein gong skal råkast negativt av ei statleg omorganisering - i staden for at ein nyttar høvet til å tilføre eit eksisterande, velfungerande statleg fagmiljø i Nordfjord nye funksjonar og oppgåver.

Rådet hevdar også at transportnæringa i Nordfjord treng nærleik til tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Dei ser det som meiningslaust at i ei tid då teknologi gjer desentralisering av tenester enklare enn nokon gong, skal næringslivet i Nordfjord bli påført lenger reisetid, auka kostnader og auka miljøbelasting for å få utført tenester som i dag blir gitt lokalt.

Nordfjordrådet ber om at nye Vestland fylke medverkar til at Statens Vegvesen sitt eksisterande fagmiljø på Nordfjordeid ikkje blir svekka som følgje av overføring av administrasjonen av fylkesvegnettet. Nye Vestland fylke må både her og på andre område sjå verdien av å sikre og styrke forvaltingsmiljø i fylkeskommunal regi også i den nordlegaste delen av det nye fylket, skriv rådet i ein uttale.