Får ny base midt blant båtfolket

På plass i måløyhopen: Jannicke Kvalheim Myrestrand og Siv Oldeide i Sjøredningskorpset er takknemlege for at Sølve Oldeide i Nordfjord Havn og Per Arne Lefdal i Lefdal Eiendom har lagt til rette for at RS «Simrad Buholmen» får base i gjestehamna. alle foto: Eva westvik  Foto: Foto: Eva Westvik

Nye artikler

Sjøredningskorpset gler seg til å ha ny base for RS Simrad Buholmen tett på båtlivet i gjestehamna.

– Dette blir kjekt, seier leiar for Sjøredningskorpset i Måløy, Jannicke Kvalheim Myrestrand.

Men for ei tid tilbake var det ikkje like kjekt. Verlo i Måløy hadde nye planar for kaia dei kjøpte frå Firda Canning der RS Simrad Buholmen hadde hatt plass sidan oppstarten i 1999, på nordsida av fadderskøyta, RS Halfdan Grieg. Men no er utsiktene lysare med ny base for minsteskøyta på plass og nye medlemmer i korpset.

– Vi er framleis for lite folk, men vi er kjempeglade for at sju nye medlemmer har meldt seg. Ei av dei er Siv Oldeide, som til dagleg er styrmann om bord i ein fraktebåt.

– Målet mitt er å bli skipsførar om bord i skøyta i frivaktene mine, men først må eg få litt tid om bord i Simrad Buholmen, seier Oldeide, som vil ha fram at det ikkje er naudsynt med erfaring for å melde seg som frivillig i korpset.

– Her går alle gradene og får opplæring, så ein må absolutt ikkje vere erfaren, seier ho.

nye medlemmer: Leiar i sjøredningskorpset i Måløy, Jannicke Kvalheim Myrestrand (t.v.) er glad for å ha fått Siv Oldeide (t.h) med om bord i RS Simrad Buholmen.  Foto: Foto: Eva Westvik

Velkomne i gjestehamna

RS Halfdan Grieg skal ligge der den ligg i dag, men RS Simrad Buholmen allereie er flytta frå Verlo til Måløyhopen, der den skal få eiga flytebrygge festa til kaifronten Leifdal Eiendom eig på nordenden av bubil-parkeringa.

– Det blir fint å ha dei her i gjestehamna, og dei gjer ein kjempejobb, så det var lett å tilby dei gratis kaiplass, seier Per Arne Lefdal i Lefdal Eiendom.

Nordfjord Havn skal sørge for straumuttak og forankring.

– Vi ynskjer å bidra til at dei blir i sentrum og synest det er flott at dei kjem hit, seier Sølve Oldeide, driftsleiar i Nordfjord Havn.

  Foto: Foto: Eva Westvik

 

Fyller 20 år

Om nokre veker er det tjue år sidan Sjøredningskorpset starta opp i Måløy.

Som lita jente var Jannicke Kvalheim Myrestrand med far og onkel om bord i sjøredningsbåten, og no leiar ho det frivillige korpset, som har 15 aktive medlemmer, inkludert dei nye. Myrestrand er takksam for hjelpa dei har fått med å finne ny plass og gler seg over å ha fått ny base i gjestehamna.

– Det blir positivt både for oss og hamna her å ha skøyta liggande så midt i gryta. Vi blir heilt opp i båtturistane om sommaren, og det blir lettare for folk å besøke oss. Det er ein veldig fin plass vi har fått, seier Myrestrand.

Vil auke aktiviteten

No skal dei halde fokus på dei nye medlemmene og få til meir aktivitet.

– Når flyttinga er over skal vi komme oss ut så ofte som mogeleg med båten, for å få dei nye i gong, fortel Myrestrand.

Siv Oldeide gler seg.

– Det blir kjekt å vere ute på sjøen og få litt fart og spenning, seier Oldeide og håpar endå fleire blir med.

Ifølgje Myrestrand skulle dei ideelt sett hatt så mange som seksti medlemmer, slik at mange fleire kunne byte på å gå vakter. I dag er dei berre fire skipsførarar, og to av dei har jobb på sjøen halve tida. Derfor har det vore vanskeleg å halde «Simrad Buholmen» i full beredskap.

– Vi har hatt ein del utmeldingar, det vil seie at båten har vore ute av teneste, fortel Myrestrand, og legg til at beredskapen stort sett har gått som normalt takka vere nokre få verkelege eldsjeler.

Når Sjøredningskorpset snart fyller tjue år ynskjer dei seg frivillige av alle typar.

– Uansett om du har jobba på Kiwi eller om du har jobba som styrmann på båt, så er det plass til deg. Her er alle likestilte og alle får grundig opplæring, seier Siv Oldeide.

- Vi må bruke kaia sjølve

ikkje lenger plass: Verlo skal bruke heile kaia nedanfor gamle Firda Canning og hadde ikkje lenger plass til RS Simrad Buholmen, som måtte flytte til Måløyhopen.  Foto: Foto: Eva Westvik

Verlo er nøgd med at Sjøredningskorpset fekk ny plass i Måløyhopen.

– Dei fekk tilbod om plass sør om slippen vår i Måløy, men det ville dei ikkje, så då måtte det bli sånn, seier styreleiar i Verlo AS, Malvin Silden.

Han legg til at han forstår at Sjøredningskorpset gjerne ville vere nær landbasen, som ligg på ei kommunal tomt mellom eigedomane deira.

– Vi har prøvd å finne løysingar, men vi må ta i bruk heile kaia for å realisere planane våre og vi har investert titals millionar i dette.

Neste veke kjem ringnotbåten Andrea L til kaia for overhaling av motoren. Båten er 56 meter lang, og ifølgje Silden treng den heile den mellom seksti og sytti meter lange kaia sør for gamle Firda Canning.

Silden fortel at dei held på å bygge opp ei motoravdeling i Verlo, og at store båtar derfor må få kaiplassen slik at Verlo kan drive overhaling ombord.

– Eg trur Sjøredningskorpset har flytta til den rette plassen. Som sagt forstår eg at dei ville være nær basen, men vi ville ta i bruk investeringa vår, så det kunne ikkje bli annleis. Vi er på jakt etter utvikling, seier Silden.