Vil du vinne festivalpass til Kalvåg Kystfestival?

Fjordenes Tidende ønskjer å dele ut festivalpass til to heldige vinnarar.

Kva kjend trønderrockar var det som spelte under kystfestivalen i fjor? Send svaret ditt til fjt@fjt.no innan førstkommande torsdag klokka 12 og bli med i trekninga. Foto: Vidar Furnes 

Nye artikler

Alt du treng å gjere er å svare på dette spørsmålet, så er du med i trekninga av to festivalpass til Kalvåg Kystfestival som går av stabelen førstkommande helg, 2. og 3. august.

Kva kjend trønderrockar var det som spelte under kystfestivalen i fjor?

Send svaret ditt til fjt@fjt.no innan førstkommande torsdag klokka 12.

Vinnarane blir annonsert på fjt.no same dag. Billettane kan hentast på festivalkontoret til Kalvåg Kystfestival.

Fredag under festivalen speler Hellbillies og humorduen bak Hit for Hit har show. Det blir også ei overraskande avslutning på denne kvelden, frå ein artist som har fleire titals millionar avspelingar på Spotify. Laurdag speler Salhuskvintetten (Vinskvetten) og Kokken Tor avsluttar.

Laurdag er det også familie- og aktivitetsfokus. Kalvåg Kystlag har her program heile helga gjennom.

– Det blir gratiskonsert med Vilde og Anna, sjørøvertokt med seglskuta Svanhild heile dagen, roturar og aktivitetssenter i Frøyenhuset for dei litt yngre, fortel Svein Arild Vatsø i komiteen.

Laurdagen byr også på kystaktivitetar, mellom anna kan ein lære gamalt handverk, delta i rokonkurranse for vaksne, prøve kystlaget sine båtar og vere med på havrafting. Knutholmenbutikken, Galleri Frøya og Carolas Buaspa held ope. Det blir salsboder og stands, lotteri, kafé og sal av mat, samt trappeløp og Erotisk pub.