Sjå kven som skal sitte i det nye bystyret:

Ap mista eit mandat til fordel for SV

Etter at alle personstemmer og slengarar er talde viser resultatet at SV får to representantar inn i Kinn kommunestyre, medan Ap mistar ein og går frå elleve til ti.

Etter at alle personstemmer og slengarar er talde viser resultatet at SV får to representantar inn i Kinn kommunestyre, medan Ap mistar ein og går frå elleve til ti. Foto: Julianne Flølo 

Nye artikler

Ola Teigen fekk imidlertid flest personstemmer og slengarar av alle med 863 personstemmer og 139 slengarar.

I tillegg ser ein ei stor endring på Sp si liste. Her har andrekandidat Jan Arve Midtbø fått nok personstemmer til å ta over førsteplassen på lista. Midtbø fekk 407 personstemmer og 107 slengarar. Tom André Hopland og Asgeir Solheim frå Vågsøy sikra seg også nok personstemmer til at dei rykker opp frå høvesvis 11. og 30. plass til fast plass i det nye bystyret.

For Venstre gjer tal personstemmer at Jan Henrik Nygård og Hilmar Eliasson får plass i bystyret. Dei stod opphavleg på femte og sjette plass, men blir no av dei fire som skal ta plass i bystyret saman med Jacob Nødseth og Edvard Iversen.

Raudt får fire representantar i bystyret, og her rykker Sunniva Oldeide frå Vågsøy opp frå 18. plass og inn på fjerde etter telling av personstemmer.

Slik blir bystyret i Kinn sett saman:

Arbeidarpartiet - 10 mandat:

Ola Teigen

Silje Ødegård Standal

Tove Lill Refvik Volle

Ronny Cassels

Leif Magne Gil

Lars Terje Standal

Anders Ole Sunnarvik

Bente Nygård

Kim Gunnar Jensen

Petter Karl Refsnes

Senterpartiet - 8 mandat:

Jan Arve Midtbø

Sidsel Kongsvik

Fredrik Egeberg

Torgunn Elisabeth Eikevik

Randi Aare

Jon Valur Olafsson

Tom André Hopland

Asgeir Solheim

Høgre - 6 mandat:

Morten Hagen

Anett Berg

Vidar Grønnevik

Arlene Vågene

Hanne Husebø Kristensen

Kristian Skibenes

Venstre - 4 mandat:

Jacob Nødseth

Edvard Iversen

Jan Henrik Nygård

Hilmar Eliasson

Raudt - 4 mandat:

Geir Oldeide

Daniel Henriksson

Marie Kronen Tveranger

Sunniva Oldeide

MDG - 2 mandat:

Odd Bovim

Kine Nygård

Frp - 2 mandat:

Frank Willy Djuvik

Miriam Nesje

SV - 2 mandat:

Marie Øverås Jensen

Ingunn Frøyen

KrF - 1 mandat:

Gustav Johan Nydal