Raudt stilte spørsmål ved valprosessen

Kven skal velje styre til Nordfjordbadet, Vågsøy eller Kinn, formannskap eller kommunestyre?

Geir Oldeide (Raudt) stilte i kommunestyremøtet i Vågsøy spørsmål ved prosessen som no går for å finne styremedlemmer og styreleiar til det kommunale foretaket Nordfjordbadet.
Nye artikler

– For meg ser det ut som det er to parallelle prosessar på gang. Vågsøy kommune har bestemt oppretting av dette kommunale foretaket og delegert til formannskapet å velje representantar til styret. Saka blei, slik eg forstår, utsett i førre formannskapsmøte, og er såleis endå ikkje ferdigstilt. Samstundes er saka sett på sakslista til Kinn kommunestyre i morgon, onsdag. Eg er i det siste blitt gjort merksam på at det er kommunestyret som skal velje representantar i kommunale foretak. Og at Vågsøy derfor har gjort eit ugydlig vedtak då dette blei delegert til formannskapet. Kan ordførar og rådmann gi ei orientering om korleis denne saka er tenkt handtert vidare? spurte Geir Oldeide.