Søker om å få vere med i pilotprosjekt om primærhelseteam

– Her snakkar vi om ein studie som ein håpar skal betre tenestene ved legekontora

Pilotprosjektet Vågsøy kommune no har søkt om å vere med i skal undersøke om ei ordning der ein organiserer seg med primærhelseteam vil betre tenestene ved legekontora, forklarte rådmann Jeanette Jensen då ho fortalde både formannskap og kommunestyre om søknaden.

Positivt: - Her snakkar vi rett og slett om ein studie som skal undersøke om ei ordning med primærhelseteam vil betre tenestene ved legekontora, seier rådmann Jeanette Jensen (t.h.). BIldet blei tatt då Vågsøy nyleg fekk ny legevaktbil og Jensen er her saman med kommuneoverlege Rune Nordpoll og fagleiar Christel Midtgaard Angelshaug ved Måløy legekontor.   Foto: Marianne Solheim Rotihaug

Nye artikler

Det var i samarbeidet med Flora kommune at administrasjonen blei kjend med prosjektet om primærhelseteam - for Flora var allereie med i studien.