Fersk bilføraren måtte levere frå seg førarkortet

Bil med tre personar snurra og hamna på taket i natt

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nye artikler

Like etter klokka 03.00 natt til fredag skjedde det ei trafikkulukke ved Brunsviktunnelen på Rv 15 i Vågsøy.

Føraren av ein personbil mista kontrollen då bilen kom ut av tunnelen. opplyser Vest Politidistrikt.

Det var svært glatt og bilen har snurra, hamna i grøfta der den vart liggande på taket.

Det var tre personar i bilen. Dei klarte å komme seg ut, og ifølgje politiet var det berre snakk om lettare fysiske skadar på personane.

Naudetatane rykte ut og bilen, som fekk ein god del skader, måtte hentast av bergingsbil. Dei tre personane vart sende til legevakta. Personbilen var på veg vestover i retning Måløy då ulukka skjedde.

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Terje Magnussen, seier til NRK at politiet har teke førarkortet til han som køyrde bilen.