Køyrde over stengd bru – fekk 6.800 kroner i bot

Rugsundbrua i Bremanger. Bilen på bildet har ikkje noko med denne saka å gjere.. Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nye artikler

Det blei ein sviande dyr tur for to bilførarar over den stengde Rugsundbrua onsdag ettermiddag.

Dei to bilførarane som trossa skiltet om at brua var stengd fekk politiet etter seg, og på den andre sida av brua fekk dei seg kvar sine 6.800 kroner i bot pluss tre prikkar.

Kraftig vind på kysten har ført til at både Rugsundbrua og Måløybrua har vore stengd i periodar på grunn av sterk vind.

Lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen, reagerer på at folk ikkje respekterer skiltet om stengd bru.



Han seier at politiet sikkert kunne teke mange fleire som køyrer over brua når den er stengd. Politiet har fått tilbakemeldingar om at fleire trassar forbodsskiltet.

– Det er ein grunn til at brua blir stengd når det er kraftig vind, seier Gulliksen.

Han oppmodar alle til å respektere alle skilt i trafikken.