Vestland får miljøvenlege snøggbåtar

Innføringa av miljøvenlege snøggbåtar i Vestland skal skje så raskt som mogeleg frå 2022. Det har Vestland fylkesutval vedteke.

Fleirtal: Eit stort fleirtal med sju av partia i fylkesutvalet gjekk inn for å innføre miljøvenlege snøggbåtar frå 2022: Trude Brosvik (KrF, f.v.), Alfred Bjørlo (V), Marthe Hammer (SV), Jon Askeland (Sp), Anne Gine Hestetun (A), Aleksander Øren Heen (Sp), Silja Ekeland Bjørkly (H) og Natalia Golis (MDG).  Foto: Privat

Nye artikler

Med dette følgjer fylkesutvalet opp stortingsvedtaka om krav til null- og lågutslepp for alle nye ferjer og hurtigbåtar. Sogn og Fjordane er først ut i Vestland med å få miljøvenlege snøggbåtar når kontraktane skal ut på nytt anbod i 2022. Fylkesutvalet ber om snarast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024 i tråd med ambisjonane tidlegare vedtekne av fylkestinget i Sogn og Fjordane, heiter det i ei pressemelding.