Trym tok ein sjetteplass i ungdoms-OL

Trym Dalset Lødøen frå Hjelmelandsdalen er allereie noregsmeister i randonee. I dag tok han ein sjetteplass i sporten under Ungdoms-OL i Sveits.

Trym Dalset Lødøen frå Hjelmelandsdalen er allereie noregsmeister i randonee. I dag tok han ein sjetteplass i sporten under Ungdoms-OL i Sveits.  Foto: privat

Nye artikler

Miljøet for randonee er ganske stort i sørlege delar av Europa., spesielt i områda rundt Sveits og Italia. Difor hadde Lødøen sett seg realistiske mål for konkurransen.

– Ein prøvar sjølvsagt så godt ein kan, men eg trur eg kan seie meg fornøgd om eg landar på øvre halvdel av resultatlista, sa han til Fjordenes Tidende før turen gjekk til Sveits.

Ein sjetteplass i første konkurranse må dermed kunne seiast å vere godt innanfor, og gratulasjonene er mange på Facebook-sida til Harpefossen skisenter som er blant dei som har lagt ut nyheita.