Det dårlege vêret skapar problem for ferja

Nye artikler

Laurdag morgon melder Fjord1 at turar til Husevågøy med sambandet Måløy-Oldeide er innstilt inntil vidare på grunn av vêrforholda.

Det både regnar og bles kraftig i ytre Nordfjord. Frå natt til laurdag fram til laurdag formiddag er det venta kraftig sørleg vind, melder Yr.no. Vindkasta kan kome opp i 30-35 m/s utsette stadar.

Litt etter klokka halv ti laurdag føremiddag melder Vegtrafikksentralen at ferjesambandet mellom Måløy, Husevågøy og Oldeide går som normalt.