Bles sterk storm ved Stad

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel

Meteorologisk institutt har sendt gult farevarsel for vindkast på 30–35 sekundmeter utsette stadar. Dei melder også om kraftig nedbør og fare for jordskred.

Meteorologisk institutt har sendt gult farevarsel for vindkast på 30–35 sekundmeter utsette stadar. Dei melder også om kraftig nedbør og fare for jordskred.   Foto: Erling Wåge

Nye artikler

Frå natt til laurdag og fram til laurdag formiddag og tidleg ettermiddag er det ventet kraftig sørleg vind. Yr.no seier at vindkasta kan kome opp i 30-35 m/s utsette stadar.

I heile Vestland fylke er det meldt liten storm på kysten, men full storm på kysten nord for Bergen og sterk storm ved Stad. Vinden vil avta utover ettermiddagen og kvelden.

Lokalt vil det kome mykje nedbør.

Gult nivå brukast om ein moderat farleg situasjon som kan forårsake skadar lokalt.

- Gule farevarslar sendat ut når det er forventa mindre konsekvensar. Dei fleste vil kunne fortsette sine daglege gjeremål, men dei som til dømes planlegg utandørsaktivitetar, bør vere merksame eller eventuelt halde seg inne.

Dette skriv Yr er potensiell risiko på gult nivå:

  • Det kan bli skadar lokalt
  • Straumbrot kan førekomme
  • Det er sannsynleg med forsinkingar i trafikken
  • Vind kan gjere det farleg å vere i fjellet