Er klar for å medverke til ein enklare kvardag

Torsdag morgon opnar Familiekontoret i Nordfjord igjen for å bistå familiar som har vanskar med å kome seg gjennom den nye kvardagen.

Opnar igjen: Torsdag morgon er Per Ståle Husevåg ved Familiekontoret i Nordfjord klar for å bistå familiar som har vanskar med å kome seg gjennom den nye kvardagen.  Foto: Privat

Nye artikler

– Eg er veldig glad for at vi igjen kan tilby familiar i Nordfjord hjelp og bistand. Det er kanskje viktigare no enn nokon annan gong, når mange barn og vaksne må vere heime saman heile døgnet i lang tid.

Det seier leiar Per Ståle Husevåg ved familievernkontoret før han følgjer opp:

– Dei aller fleste familiar greier seg fint heime, og tek godt vare på kvarandre. Men for familiar som strevar med relasjonane seg imellom, kan det bli meir krevjande når barna ikkje kan gå på skule eller i barnehage og foreldra har heimekontor eller er permittert frå jobben. Derfor er vi som jobbar på familievernkontora bekymra for familiane, og særleg barna. Vi vil derfor gjerne hjelpe familiar som slit, sei han.

Kontoret vil vere ope igjen frå i dag, men då fyrst og fremst på telefon. I unntakssituasjonar vil det vere mogleg å avtale møte.