Har framleis telefonproblem - skal ikkje påverke publikum

Vest politidistrikt har framleis problem med telefonlinjene.

Vest politidistrikt har framleis problem med telefonlinjene.   Foto: Erling Wåge

Nye artikler

– Det jobbast framleis med å få retta problemet vi har med telefonlinjene inn til politiet, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.


Flere har problemer med å nå politiet på telefon

Vest politidistrikt har fått melding om at flere ikke når frem til politiet via telefon.


I mellomtida har politidistriktet fått bistand frå Sør-Vest politidistrikt. Dei tar imot Vest politidistrikt sine innkommande telefonar og loggfører i distriktet sin oppdragslogg. Hendingar blir vidare handtert på operasjonssentralen i Bergen.

– Alle våre andre system er operative, slik at telefonproblema ikkje skal få påverknad for innbyggjarane i vårt distrikt, seier Hausvik.