Kven fortener kulturprisen? No ber Håkon og ungdommens kommunestyre om kandidatar

Har du forslag til kven som skal få ungdommens kulturpris i Kinn kommune i 2021? No kan du sende dine nominasjonar.

Ungdommens kommunestyre ønskjer innspel til kven som fortener ungdommens kulturpris i Kinn kommune.  Foto: Arkiv/Kinn kommune

Nye artikler

– Det er berre å nominere dine kandidatar. Ein treng ikkje å ha dei største bragdene bak seg. Dette handlar om ein ungdom som har vist stort engasjement eller stor innsats, seier leiar Håkon Skram Heggen i ungdommens kommunestyre.

Alle kan sende inn forslag på kven dei meiner bør få ungdommens kulturpris 2021. Men personar ein føreslår, skal ha ei tilknyting til kommunen.

– Eg trur vi har veldig mange i Kinn kommune som fortener å få denne prisen, og heider, ære og ros for den innsatsen dei bidrar med, seier Heggen.

Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde, eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.

Prisen kan bli delt ut til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper, og det er ungdommens kommunestyre som avgjer kven som skal få Ungdommens kulturpris.

Ein kan også sende inn forslag til kulturpris og mangfaldpris, eller søkje på kultur- eller idrettsstipend.

Frist for innsending er 7. april 2021.