Foreslo å ta omstridt industriområde ut av planen

Varaordførar i Stad, Siri Sandvik (Ap), stiller seg bak protestane til bygdefolket i Selje som fryktar realiseringa av det planlagde næringsområdet ved Bådane/Reset. Under torsdagens formannskapsmøte foreslo ho å ta prosjektet ut av sjøarealplanen.

Varaordførar i Stad, Siri Sandvik (Ap), stiller seg bak protestane til bygdefolket i Selje som fryktar realiseringa av det planlagde næringsområdet ved Bådane/Reset. Under torsdagens formannskapsmøte foreslo ho å ta prosjektet ut av sjøarealplanen.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nye artikler

Dette kom fram i samband med diskusjonane rundt andre gangs høyringa for sjøareala i Stad kommune. Området det er snakk om vart opphavleg frårådd i kvalitetsutgreiinga, men er med i planframlegget for den nye høyringsrunden som det skal fattast vedtak om i oktober. Dette etter innspel frå både politikarar i ulike utval og privatpersonar.