Torbjørn, Erling og Olve er sikra plass – og truleg Alfred på fjerde

Jubelen braut laus i Førde då det var klart at tre kandidatar var sikra mandat: Olve Grotle (H), Torbjørn Vereide (Ap) og Erling Sande (Sp).

Erling Sande frå Bremanger og Gloppen   Foto: Seline Larsen

Nye artikler

Det fjerde mandatet var per klokka 00.55 framleis ikkje heilt spikra, men 99,1 prosent av stemmene nasjonalt er talt opp og Venstre er over sperregrensa med 4,48 prosent av stemmene.

I Sogn og Fjordane er 99,8 prosent av stemmene talt opp, og Venstre ligg framleis på det fjerde mandatet.

Så det aller meste tyder på at Alfred Bjørlo (V) må vekependle til Oslo ganske snart.

Alle foto: Seline Larsen