«Dersom folkerøysting ikkje ligg i regjeringsplattforma, må vi få det til gjennom press utanfrå»

Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane har skrive dette innlegget.  Foto: Privat

Nye artikler

Dette innlegget er skrive av leiar i Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal.

Folkerøysting om Sogn og Fjordane no!

Regjeringsplattforma er kanskje klar når dette kjem på trykk. Men i skrivande stund veit vi ikkje om den inneheld noko om Sogn og Fjordane si framtid.

Senterungdommen i Sogn og Fjordane hadde no i månadsskiftet eit utspel der dei gjentek kravet om folkerøysting. Det skal dei ha ros for. Dei hadde, som ungdomsorganisasjonen til SP, grunn til å forvente at partiet følger opp dette.

Både Ingrid Heggø (AP) og Liv Signe Navarsete (SP) gjekk i det avgåtte Stortinget mot samanslåing med Hordaland. Det skal dei ha ros for.

No har vi eit nytt stortingsfleirtal – blant anna fordi fleirtalet av veljarane reagerte mot sentralisering. I Sogn og Fjordane er vi tre parti (Raudt, SP og SV), som ved stortingsvalet meinte at det må haldast ei folkerøysting om samanslåinga.

Gong på gong har meiningsmålingar vise stort fleirtal mot samanslåing. Den siste viste 53 % mot samanslåing og 38 % for samanslåing. Dersom dette også er folkemeininga, seier det seg sjølv at sentraliserings-framstøyten Vestland må oppløysast.

Tilhengarane av samanslåinga set seg mot folkerøysting og meiner at Vestland er framtida både for Bergen by og for alle andre kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Men dersom Vestland er så fortreffeleg; korfor vågar dei då ikkje å halde ei folkeavrøysting?

Raudt forventar at SP har stilt krav til regjeringsplattforma med AP om at det blir halde rådgjevande folkerøysting om Sogn og Fjordane som eige fylke. Noko anna vil vere eit svik overfor kva SP stod for i valkampen.

Dersom SP sviktar, kva kan Raudt og SV gjere? I mange saker vil ei AP-SP-regjering trenge støtte frå Raudt og SV for å få vedteke politikk som bryt med Høgre-politikken. Dersom folkerøysting ikkje ligg i regjeringsplattforma, må vi få det til gjennom press utanfrå.