ANNONSØRINNHOLD

Opera Nordfjord

ANNONSØRINNHOLD

Ingrid om draumerolla i Soga om Sol med urpremiere 4. oktober:

– Ei fabelaktig forteljing
og fantastisk musikk

Ingrid Tykhelle Kayser (25) er mektig imponert over tingingsverket Soga om Sol til Opera Nordfjords 25-årsjubileum, signert musikalduoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

Ingrid, som sjølv er frå Nordfjord, har hovudrolla som Sol Siljegard, jenta med den vakre songstemma. Musikalen om utvandringa frå Nordfjord til Amerika er inspirert av verkelege hendingar.

Ingrid, som sjølv er frå Nordfjord, har hovudrolla som Sol Siljegard, jenta med den vakre songstemma. Musikalen om utvandringa frå Nordfjord til Amerika er inspirert av verkelege hendingar.

Ingrid, som sjølv er frå Nordfjord, har hovudrolla som Sol Siljegard, jenta med den vakre songstemma. Musikalen om utvandringa frå Nordfjord til Amerika er inspirert av verkelege hendingar.

Heilt enormt

– Å få denne rolla er heilt enormt. Det er ei draumerolle. Og for ein musikal! Ei fabelaktig forteljing med fantastisk musikk. Det er så masse som skjer i denne musikalen og så mange kjempedyktige aktørar på scena. Dette blir så stort og så bra at her må publikum kjenne besøkstida si, seier ein begeistra musikalartist.

Dronninga

Ingrid har vore med på TV-produksjonar i både NRK, Viaplay og Netflix og gjentekne Opera Nordfjord-produksjonar. Ho blir å sjå på scena nesten under heile framsyninga. Hennar Majestet Dronning Sonja vil vere blant premieregjestane i Operahuset på Nordfjordeid.

Musikalen er ein storslått produksjon med 23 aktørar på scena og eit produksjonsapparat med 100 vaksne frivillige og 30-40 elevar frå Eid vidaregåande. Orkesteret har ei symfonisk besetning på 25 musikarar.

Fargerik historie

– Soga om Sol er ikkje ei typisk nybyggarhistorie om slitet og strevet på prærien. Vi ville fortelje ei heilt anna historie, ei fantasifull og fargerik historie. Det handlar om eventyrlyst og draumar, siger og nederlag, dramatikk, romantikk, sorg og sakn og med scener henta frå både Nordfjord og New York, fortel Øystein Wiik, som har laga forteljinga.

Musikal-duoen Gisle Kverndokk og Øystein Wiik

Makkar og komponist Gisle Kverndokk meiner Øystein har skrive ein fabelaktig libretto. Musikalen har ei rørande kjærleikshistorie, mykje humor og mange morosame, men også spesielle karakterar; som den høgaste kvinna i verda.

Stor musikk

Musikken til Soga om Sol byr på smektande, iøyrefallande melodiar, store balladar, store korsatsar og flotte shownummer i Broadway-stil.

– Den store utfordringa er balansegangen. Det å lage musikalmusikk i eit lett tilgjengeleg tonespråk, musikk som berører, som folk kan kjenne seg igjen i og hugse, samstundes som eg som komponist ynskjer å overraske og utfordre – det er krevande, fortel Gisle, som har fått særs gode tilbakmeldingar på musikken.

Unike Opera Nordfjord

Komponisten hadde sjølv ei grandtante som utvandra til Amerika fordi ho vart gravid utanfor ekteskap – akkurat som Sol i Soga om Sol. Og til liks med Opera Nordfjord, kan den premierte musikalduoen også feire eit jubileum. Dei har samarbeidd i 25 kritikarroste år. Begge er store fan av Opera Nordfjord, som dei omtalar som heilt eineståande og unik i kultur-Noreg.

Eirik og Kim Helge

Dei to andre hovudrollene i Soga om Sol blir også spelte av profesjonelle skodespelarar frå distriktet. Ørstingane og ungdomskameratane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen har rollene som høvesvis Emil Spelemann og Danny Gold. Emil drøymer om ein stor musikk-karriere i Amerika, Danny Gold om eige Broadway-show. Begge blir bergtekne av Sol.

Soga om Sol blir garantert veldig stor og veldig sjåverdig. Musikalen er skriven av to av dei beste her i landet, ei rekke dyktige folk skal stå på scena, og Opera Nordfjord har enorm kompetanse - med operasjef Kari Standal Pavelich og kunstnarisk leiar Michael Pavelich i spissen. Eg gler meg enormt, seier Eirik.

Eirik er først og fremst skodespelar, men også pianist, fotballidiot og skiboms. Han har medverka i NRK-seriar som Hjemmebane og Presten, i filmar som Den 12. mann, Fjols til fjells, og mellom anna Vaffelhjarte på Riksteatret.

Hovedrolleinnehaverne i Soga om Sol er klare for premieren på Opera Nordfjord

Kim Helge har drive mykje med musikalar. Han har spelt i Hair og Så som i Himmelen på Oslo Nye Teater, og ser på seg sjølv som ein skodespelar som kan synge og danse.

– Som Eirik trur eg dette blir veldig stort på så mange måtar. Øystein og Gisle har laga ein super musikal som dekker heile kjensleregisteret, og ein idérik regissør Michael Pavelich vil garantert få musikalen til å glitre, trur Kim Helge Strømmen.

Operasjefen

Opera Nordfjord har lenge ønskt å lage ein musikal om utvandringa frå Nordfjord til Amerika. Det er mange frå regionen som har forfedrar og formødrer som utvandra.

– Nokon vart igjen, andre kom tilbake. Nokon gjorde det bra og «slo seg opp», medan andre opplevde naud og sorg. Historia vår har i seg begge delar. Hausten 2021 vart Gisle Kverndokk og Øystein Wiik spurde om dei kunne vere interesserte i å skrive ein musikal basert på desse historiene, og det takka dei heldigvis ja til, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Operasjef Kari Standal Pavelich ved Opera Nordfjord

Handlinga

Forteljinga er delvis oppdikta og delvis inspirert av lokale hendingar og ein eventyrar frå Eid, Emil Hjelmeseth, som i framsyninga har vorte til Emil Spelemann.

Handlinga er lagt til 1915. Vi møter ungjenta Sol Siljegard frå Hornindal, som blir gravid etter eit overgrep frå storbonden Asbjørn Storhaug. Ho rømmer til Amerika saman med Emil, og livet i New York gir henne ein annan type familie enn ho kunne ha drøymt om, i teatergruppa Danny Golds Odditorium. Odditorium – eller Side Show - var ei akseptert form for underhaldning på den tida, der dei som såg annleis ut nærast var på utstilling. Dette er utenkjeleg i dag, difor er det krevjande å fortelje ei slik historie. Ein ønskjer å framstille personane med respekt og kjærleik, samstundes som ein skal tore å fortelle historia slik ho var i 1915, sjølv om det kan vere ubehageleg.

Frå eige distrikt

Det kunstnariske teamet er samansett av fleire profesjonelle kunstnariske leiarar frå eige distrikt: Regissør/dirigent Michael Pavelich frå Eid, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysdesignar Ovar Holmen frå Eid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og koreograf og regiassistent Gard Hjertaas Bjørnson frå Oslo.

Over 100 frivillige

Over 100 vaksne frivillige og 40 elevar frå Eid videregåande skule yrkesfag er med på den store dugnaden for å laga kulissar og kostyme og få Soga om Sol til å skina.

– Dugnadsgruppene, i stor grad har det vore pensjonistar, er sjølve hjartet i Opera Nordfjord. Utan dei hadde det nok ikkje blitt opera, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Gjennom 25 år med operahistorie er det ikkje lite kva snikkarane i Opera Nordfjord har bygt opp, måla, skrudd, montert, rigga, flytta og, diverre, rive ned igjen etter siste framsyning. Dei har lagt ned ein fenomenal innsats med mykje hardt arbeid.

På systova i den gamle kantina på tidlegare yrkesskulen i Øyane er det hektisk aktivitet i skrivande stund. Kostymegjengen med 20 damer er som ein stor familie, alle med sin bakgrunn, men det til felles at dei elskar å sy. Og så kan det kanskje hende at dei etter kvart også har blitt glade i operakunsten.

Kostymegjengen med 20 damer står for kostymene til musikalen
Gjennom 25 år med operahistorie er det ikkje lite kva snikkarane i Opera Nordfjord har bygt
Over 100 vaksne frivillige og 40 elevar frå Eid videregåande skule yrkesfag er med på den store dugnaden

Musikal-duoen

  • Songer, skodespelar og forfattar Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk har skrive fleire musikalar og operaer saman som Sofies Verden, Frendelaus og Jorda Rundt på 80 dagar.
  • Øystein Wiik har vore tilsett ved Det Norske Teatret med stor suksess og han har delteke i norsk Melodi Grand Prix med Jahn Teigen (to tenorar). I 2010 debuterte han som krimforfattar og vart nominert til Rivertonprisen. Han har vunne mange prisar i Tyskland og Austerrike for dei sceniske verka sine.
  • Gisle Kverndokk gjorde seg tidleg gjeldande som komponist. 23 år gammal gjorde operaen hans Falketårnet (basert på Erik Fosnes Hansens roman) eit sterkt inntrykk. Han har vunne ei rekkje prisar. I 2016 vann han saman med makkar librettist Øystein Wiik den tyske musikkteaterprisen for familieoperaen Jorda Rundt på 80 dagar.

Om innholdsmarkedsføring

Innholdet i denne artikkelen er ikke skrevet av redaksjonen, men av innholdsprodusenter i mediehusets annonseavdeling.

Vi er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Annonsørinnhold skal merkes tydelig, så leseren kan oppfatte at innholdet er betalt for og produsert i samarbeid med en annonsør.

© Copyright Polaris Media